Litteratur og forteljing
Tibi - biblioteket for tilrettelagt litteratur
Alle som strevar med å lesa visuell tekst, kan låna lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker hos Tibi.
Lydbøker til deg som strevar med å lesa
Har du dysleksi eller nedsett syn? ADHD og vanskar med konsentrasjonen? Eller andre utfordringar som gjer det vanskeleg å lesa? Då kan du låna lydbøker hos Tibi. Tibi er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket, og heitte før NLB.
Stort og variert utval
Tibi har lydbøker for barn, ungdom og vaksne. Vel blant tusenvis av titlar i alle sjangrar. Det kjem nye lydbøker kvar dag. Du får òg aviser og tidsskrift i lydutgåve.
Enkel tilgong på nett og mobil
Vel om du vil bruka nettsida eller Tibi-appen til å finna og låna bøker. Du får lesetips og oversikt over nye bøker begge stader. Lytt med appane Tibi og Tibi Junior.
Bli lånar
Meld deg inn på nettsida tibi.no. Du stadfestar sjølv at du treng lydbøker og har lånerett. Når innmeldinga er godkjend, får du innloggingsinformasjon og er klar til å låna.