Lånereglar

Sist oppdatert 14. juni 2024

Det er gratis å låna bøker på biblioteket. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna.

Som lånar forpliktar du deg til å

  • behandla bøker og anna bibliotekmateriale fint
  • levera tilbake til rett tid
  • erstatta skader på eller tap av biblioteket sin eigedom etter vedtekne satsar
  • fylgja biblioteket sine reglar og fastsette lånefristar
  • ha lånekortet med på biblioteket når du skal låna

Lånekort

Lånekort og pinkode er personleg, og kan ikkje brukast av andre. Pinkode skal ikkje oppbevarast saman med lånekortet.

Lånar eller lånar sine føresette står personleg ansvarleg for alt materiell som blir lånt på kortet.

For å få lånekort må det visast gyldig legitimasjon for alle over 15 år.
Barn og ungdom under 15 år må ha foreldre/føresette sitt samtykke for å få lånekort. Barn som har byrja på skulen kan då få fysisk lånekort med fylgje av ein vaksen.

Namneendring, adresseendring eller tap av fysisk lånekort må straks meldast til biblioteket.

Fyrste lånekort er gratis. Tapt lånekort erstattast mot et gebyr på kr 30,-.

Lånekortet skal som hovudregel vere med, og er eit krav ved utlån på automat. Ved lån utan lånekort kan det krevjast legitimasjon, eller personalet må på annan måte forsikre seg om identiteten til lånaren.

Lånetid og reservering

Normal utlånstid er 4 veker. Enkelte media kan ha kortare utlånstid. Bokn bibliotek har ikkje purregebyr, men sender ut ei digital purring på media som ikkje er levert til rett tid. Etter 3 purringar vert det sendt krav om erstatning. Du kan få varsel på SMS like før forfall på lån.

Satsane kan du sjå på tabellen nedst på sida.

Lån kan fornyast dersom materialet ikkje er reservert til andre.

Lånaren kan gratis reservera utlånte media, og biblioteket gir melding når reserverte media kan hentast. Hentefrist er 1 veke.

Lån frå andre bibliotek

Biblioteket låner gratis inn bøker og andre media frå andre bibliotek. Dette gjeld òg media på andre språk. Eigarbiblioteket sine lånereglar og lånefristar gjeld.

Sidan Bokn bibliotek har avtale med ei nasjonal transportordning, er det mogleg å låna og levera bøker frå heile landet. Det vil i praksis seie at du kan låne ei bok på eit anna bibliotek i landet, og levera ho på Bokn, og så vil transporten frakta ho til rett eigarbibliotek. Dei kjem hit kvar måndag og onsdag.

Inndratt lånerett

Biblioteket kan sperra kort for lån:

  • ved ukjent adresse o.l.
  • ved uoppgjorte erstatningar
  • ved brot på utlånsreglane

Prisar på erstatningskrav

Type materialeTakstar, barnTakstar, vaksen
Skjønnlitteratur, innbundne300,-500,-
Skjønnlitteratur, hefta200,-250,-
Faglitteratur400,-600,-
Biletbøker250,-
Teikneseriar, innbundne350,-400,-
Teikneseriar, hefta200,-250,-
DVD250,-250,-
Nintendospel500,-
Brettspel400,-500,-

Erstatningskrav blir sendt ut per faktura om materialet ikkje blir levert etter 3. gongs purring eller materialet er skada/øydelagt.