Rom og utstyr

Teikneserierom/studierom

Me har eige teikneserierom som òg er utforma som studierom.

Teikneserierommet med skrivepultar og sofakrok.
Foto: Thea Elisabeth Hansen
Teikneserierommet med skrivepultar og sofakrok.
Foto: Thea Elisabeth Hansen
Teikneserierommet med skrivepultar og sofakrok.
Foto: Thea Elisabeth Hansen

Teikneserierom

I 2023 blei det utforma eit eige teikneserierom for barn og ungdom innerst i barneavdelinga. Sidan denne sjangeren har vokst så mykje dei siste åra, skulle dette rommet ha som formål å skilja den frå resten av samlinga og at elevar kunne trekkja seg tilbake i sofakroken for å lesa i fred og ro.

Studierom

Rommet er utstyrt med to skrivepultar med leselampar og ein publikums-PC som er tilgjengeleg til bruk.

Studierommet kan brukast båe innanfor opningstid og utanom (ved bruk av nøkkelkort). Berre hugs å avtala tid ved førstnemnde, då det kan krasja med elevane sine bibliotektimar og/eller anna bruk skulen og biblioteket har.

Teikneserierom/studierom | Bokn bibliotek