Nevar av stål

Grafisk roman  •  Teikneserie  •  Humor  •  Superheltar  •  9 – 12 år

Nevar av stål

Lars Erik Helgemo
Først utgitt:2023
Illustrasjonar av:
Lars Erik Helgemo
Del 2 av Udugelege heltar

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

Denne gong må jo alt gå bra ... I bok ein, Stiv kuling, redda våre tre heltar sola frå å bli ete opp av bakteriar ved å fryse ned sola. Stor suksess! (Med mindre du budde nord for Danmark og fraus i hel.) Men nå venta ein endå større utfordring enn sol i livsfare ... nemleg Postvesenet. Følg dei tre udugelege heltane Chrissa, Calvin og Kacker ut i verdsrommet mens dei sakte men sikkert vert meir dugelege. Vi kan i alle fall håpe. «Udugelege heltar» starta som nett-teikneserie i 2016, og er ein serie med humor, superheltar og superskurkar. Teikneserie for mellomtrinnet.

Utgåver