17. februar - 9. mars

Kva er dine leseminner?

Kva for andre minner dukkar opp når du mimrar om barndomens lesing? No kan du dela dine leseminner!

Foto: Tim Levang / UiS
Foto: Tim Levang / UiS
Foto: Tim Levang / UiS

Minnene om barndomens lesing er ofte nært kobla saman med andre minner. Det me las, kan seia noko om kven vi var, og kven vi er. I ei tid der færre les på fritida og i familien, ynskjer me å vekka til liv betydninga lesing har for sjølve livet. Del dine leseminner med Nasjonalt lesesenter og ver med i trekninga av konsert- og festivalbillettar!

«Del dine leseminner med Nasjonalt lesesenter og ver med i trekninga av konsert- og festivalbillettar!»

Kva er Leseminner?

Leseminner er ein formidlingskampanje i regi av Nasjonalt lesesenter. Målet er å vekka til liv leselyst og leseglede hjå barn og unge, gjennom å hugsa og dela minnene våre knytta til lesing og litteratur. Svarene du gjev i kampanjen kan bli brukt til formidling, men alle bidrag blir anonyme. Les meir på Nasjonalt lesesenter sine nettsider.

Relatert litteratur