Filmfestival på Bokn

Festival
For alle

Mini-festival på Bokn for fjerde gong!

Festivalplakat for Filmfestivalen på Bokn
Foto: Thea Elisabeth Hansen
Festivalplakat for Filmfestivalen på Bokn
Foto: Thea Elisabeth Hansen
Festivalplakat for Filmfestivalen på Bokn
Foto: Thea Elisabeth Hansen

Arrangementet krev billett

Dato

fredag, 22. november

Tid

08:30 - 20:30

Stad

Bokn bibliotek - Biblioteket og auditoriet

Arrangør

Den norske filmfestivalen
Kjøp billettLegg til i kalender

Då er tida igjen inne for å ynskja de velkomne til Filmfestival på Bokn. Dette er alltid like kjekt!

PROGRAM:

08.30-12.00 Animasjonsverkstad og Askepote-teikning for 1.-4. klasse.

16.30 Mottaking for Askepote med gratis popkorn, gløgg og peparkaker. Sal av drikke.

17.00 Visning av Askepote i auditoriet med introduksjon av festivalsjef Tonje Hardersen.

18.30 Mottaking for Tre menn til Vilma med gratis popkorn, gløgg og peparkaker. Sal av drikke.

19.00 Visning av Tre menn til Vilma i auditoriet med introduksjon av festivalsjef Tonje Hardersen.

Askepote

Når Askepote nektar å gifte seg med prinsen, byrjar alt å rakne i eventyrverda. For om folk ikkje gjer som venta, korleis skal det gå då? Medan verda bokstavleg tala går i oppløysing rundt dei, og ein rasande kong Rex desperat prøver å få eventyret på fote att, set Askepote av stad på jakt etter sin eigen lukkelege slutt.

"Askepote" er eit absurd og spanande eventyr om personleg fridom, venskap og mot til å stå opp mot forventningane i samfunnet. Denne gongen sporar årets julefilm heilt av!

Trailer for filmen finn de her.

Tre menn til Vilma

Den 35 år gamle læraren Vilma Veierød bur åleine. Ho skyr sosiale media og bekymrar seg for mykje – aller mest for døden.

Ein førjulsdag står brått den kjekke presten Ivar og patologen Robert med tourettes på trappa hennar med eit brev og beskjeden om at far hennar er død. Vilma visste ikkje ein gong at ho hadde ein far, og brevet set heile tilværet hennar på hovudet. Det har ikkje vrimla med menneske i livet til Vilma Veierød. Langt i frå. Men no må hun brått forhalde seg til to menn. Tre - om ein reknar med den døde faren.

"Tre menn til Vilma" er ein varm, morosam og rørande julefilm. Ein film om å bekymre seg litt for mykje. Om å bryte ut av einsemda, sleppe folk inn og å leve litt meir. Ei påminning om at det er håp, sjølv for dei mest håplause av oss.

Tre menn til Vilma er basert på Gudrun Skretting si bestselgjande bok, som kom ut i 2020.

Trailer for filmen finn de her.

Relatert litteratur